Hjem Hjem

Om SERTIT

Sertifiseringsordninga

Evalueringsfirma

Sertifiserte produkt

Publikasjonar

Aktuelt

Kontakt

Internasjonalt


Akronym

Søk


Bokmål
English



NSM
navn

Internasjonalt

Internasjonalt

Arbeidet med nasjonale sertifiseringsordninger under Common Criteria er internasjonalt samordna. Samarbeidet er felt ned i “Arrangement on the Recognition of the Common Criteria Certificates in the field of Information Technology Security” (CCRA), 23. mai 2000. Dette fører med seg at sertifikatet til eit produkt som er sertifisert i eit land som er godkjent som sertifikatproduserande, er gyldig i alle land som er med i CCRA.

SERTIT engasjerer seg i CCRA gjennom deltaking i fire komiteer under ordninga. Komiteane er Development Board (CCDB), Management Committee (CCMC), Executive Sub committee (CCES) og Maintenance Board (CCMB).

Gjensidig anerkjenning av sertifikater

Noreg har som medlem i det internasjonale arrangementet CCRA forplikta seg til å anerkjenne sertifikat som er skrivne ut av kvalifiserte sertifiseringsmyndigheiter i andre land. Dette gjeld sertifikat med tillitsnivå til og med EAL 4. IT-produkt og system vert evaluert og sertifisert i samsvar med dei internasjonale evalueringskriteria Common Criteria (CC).

Les meir om gjensidig anerkjenning av sertifikat...

Nettstaden til Common Criteria.