|
Gjensidig anerkjenning av sertifikatNoreg har som medlem i det internasjonale arrangementet CCRA forplikta seg til å anerkjenne sertifikat som er skrivne ut av sertifikatproduserande sertifiseringsmyndigheiter i andre land.Den gjensidige anerkjenninga av sertifikat etter Common Criteria fører med seg at eit sertifikat som er skrive ut av ei godkjent, sertifikatproduserande sertifiseringsmyndigheit er anerkjent av alle medlemslanda i CCRA- samarbeidet. Dette gjeld og dei landa som har status som sertifikatkonsumerande medlem. Sertifikatkonsumerande medlemSertifikatkonsumerande medlemar i CCRA kan ikkje skriva ut internasjonalt anerkjente sertifikat, men dei står fritt til å skriva ut nasjonale sertifikat. Nye medlemar i arrangementet må delta som sertifikatkonsumerande medlem i to år før det kan vurderast om det kan få status som sertifikatproduserande medlem. For ei fullstendig liste over medlemane i CCRA sjå lista på den offisielle CC-portalen. Sertifikatproduserande medlem
For at ein nasjon skal få status som sertifikatproduserande medlem er det krevd at nasjonen viser at han er egna til det. For å vurdere dette vert det gjennomført ei skuggeevaluering. Det går føre seg slik at representantar for dei andre sertifikatproduserande landa går gjennom arbeidet til den aktuelle sertifiseringsmyndigheita. Noreg er godkjent som sertifikatproduserande medlem i CCRA. Lista over alle sertifikatproduserande medlemmer i CCRA finn du på den offisielle CC-portalen eller i lista under. Anerkjente sertifiseringsmyndigheiterFor tida har desse medlemslanda i CCRA rett til å skrive ut internasjonale sertifikat:
SOGIS
|