Hjem Hjem

Om SERTIT

Sertifiseringsordninga

Evalueringsfirma

Sertifiserte produkt

Publikasjonar

Aktuelt

Kontakt

Internasjonalt


Akronym

Søk


Bokmål
English



NSM
navn

Internasjonalt > Gjensidig anerkjenning

Gjensidig anerkjenning av sertifikat

Noreg har som medlem i det internasjonale arrangementet CCRA forplikta seg til å anerkjenne sertifikat som er skrivne ut av sertifikatproduserande sertifiseringsmyndigheiter i andre land.

Den gjensidige anerkjenninga av sertifikat etter Common Criteria fører med seg at eit sertifikat som er skrive ut av ei godkjent, sertifikatproduserande sertifiseringsmyndigheit er anerkjent av alle medlemslanda i CCRA- samarbeidet. Dette gjeld og dei landa som har status som sertifikatkonsumerande medlem.

Sertifikatkonsumerande medlem

Sertifikatkonsumerande medlemar i CCRA kan ikkje skriva ut internasjonalt anerkjente sertifikat, men dei står fritt til å skriva ut nasjonale sertifikat. Nye medlemar i arrangementet må delta som sertifikatkonsumerande medlem i to år før det kan vurderast om det kan få status som sertifikatproduserande medlem. For ei fullstendig liste over medlemane i CCRA sjå lista på den offisielle CC-portalen.

Sertifikatproduserande medlem

CCRA Logo Sertifikatproduserande medlemar i CCRA skriv ut internasjonalt anerkjente sertifikat. Dette betyr at eit sertifikat som er skrive ut av eit sertifikatproduserande medlem automatisk er anerkjent av alle medlemane i CCRA. Denne anerkjenninga er ikkje det same som ei godkjenning for bruk og anerkjenninga er heller ikkje ei produktanbefaling. Anerkjenninga betyr at dei enkelte medlemslanda går god for innhaldet i sertifikatet og med det anerkjenner kvaliteten på den gjennomførte sertifiseringa som utgjer grunnlaget for sertifikatet. For dei som ønskjer å ta i bruk sertifiserte produkt vil det alltid vere viktig og naudsynt å studere Security Target (ST) for å vurdere om produktet har dei tryggleiksfunskjonane som ein har bruk for. ST og tilhøyrande sertifiseringsrapport skal vere publisert for at produktet skal vere anerkjent.

For at ein nasjon skal få status som sertifikatproduserande medlem er det krevd at nasjonen viser at han er egna til det. For å vurdere dette vert det gjennomført ei skuggeevaluering. Det går føre seg slik at representantar for dei andre sertifikatproduserande landa går gjennom arbeidet til den aktuelle sertifiseringsmyndigheita. Noreg er godkjent som sertifikatproduserande medlem i CCRA.

Lista over alle sertifikatproduserande medlemmer i CCRA finn du på den offisielle CC-portalen eller i lista under.

Anerkjente sertifiseringsmyndigheiter

For tida har desse medlemslanda i CCRA rett til å skrive ut internasjonale sertifikat:

SOGIS

SOGIS Logo”Mutual Recognition Agreement of Information Technology Security Evaluation Certificates – Version 3.0”, eller SOGIS-avtala er ei avtale mellom ein del europeiske nasjonar som er medlemmar av EU eller EFTA om gjensidig anerkjenning av evalueringssertifikat etter ITSEC eller CC. For CC gjeld avtala for alle tillitsnivå, EAL1 - EAL7. Siste utgåve av avtala er frå januar 2010.

Websida til Sogis.