|
SertifiseringsordningaHensikta med sertifiseringsordninga er blant anna å dekkje behovet til myndigheitene og industrien for ein kostnadseffektiv og rasjonell tryggleikmessig evaluering og sertifisering av IT produkt og system. Alle vurderingane blir gjennomførte av ein upartisk tredjepart. Dette er med på å styrke tilliten til IT produkt og system og betre tryggleiksnivået.
Andre viktige mål med ordninga er:
Organisering SERTIT er ein del av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Det er oppretta eit Fagråd for SERTIT. Fagrådet er oppretta av Forsvarsdepartementet i samråd med Justis- og politidepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet for ei periode på 3 år med verknad frå 1. april 2007. Fagrådet er samansatt av:
Forsvarsdepartementet har peika ut leiar for SERTIT, forsker Kjell Bergan (NSM) og faggruppeleiar, senioringeniør Lars Borgos (NSM) som sekretariat for Fagrådet. Historikk Ei utgreiingsgruppe under Rådet for IT-tryggleik utarbeida hausten 1997 ein rapport, som mellom anna anbefalte å opprette ei ordning for sertifisering av IT-tryggleik i produkt og system. Regjeringa bestemde seg for å opprette dei to ordningane i samsvar med anbefalinga. Stortinget lova ut midlar til dåverande Forsvarets overkommando/Tryggleiksstaben til etablering og drift av SERTIT på bakgrunn av St.prp.nr. 1 (1998-1999) for Nærings- og handelsdepartementet. Frå 2000 tok Forsvarsdepartementet over budsjettansvaret for SERTIT.
|