Hjem Hjem

Om SERTIT

Sertifiseringsordninga

Evalueringsfirma

Sertifiserte produkt

Publikasjonar

Aktuelt

Kontakt

Internasjonalt


Akronym

Søk


Bokmål
English



NSM
navn

Sertifiseringsordninga

Sertifiseringsordninga

Hensikta med sertifiseringsordninga er blant anna å dekkje behovet til myndigheitene og industrien for ein kostnadseffektiv og rasjonell tryggleikmessig evaluering og sertifisering av IT produkt og system. Alle vurderingane blir gjennomførte av ein upartisk tredjepart. Dette er med på å styrke tilliten til IT produkt og system og betre tryggleiksnivået.

Andre viktige mål med ordninga er:

  • å styrke IT-tryggleiken i offentleg sektor
  • å skape tillit til e-handelsløysningar og annan kommunikasjon nasjonalt og internasjonalt
  • å bidra til å gjere Norsk IT-industri meir konkurransedyktig ovanfor utlandet
  • å gjere det enklare for innkjøparar gjennom tillit til at tryggleikskrav som er definerte på førehand er tilfredsstilt.

Organisering

SERTIT er ein del av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Det er oppretta eit Fagråd for SERTIT. Fagrådet er oppretta av Forsvarsdepartementet i samråd med Justis- og politidepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet for ei periode på 3 år med verknad frå 1. april 2007.

Fagrådet er samansatt av:

  • Ingvild Myhre, Rådgiverne LOS (leiar)
  • Chief Sec. Advisor Ole Tom Seierstad, Microsoft Norge AS (nestleiar)
  • Seniorrådgivar Cort Archer Dreyer, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
  • Sikkerhetssjef Anne M. Reinsnes, Telenor ASA
  • Executive Vice President Bjørn Vargmo, Nets Norway AS
  • CEO Lasse Andresen, ForgeRock
  • Avdelings-/Informasjonssjef Harald Bergmann, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon
  • Direktør for jus og næringspolitikk Runa Opdal Kerr, Norsk Gjenvinning Norge AS.

Forsvarsdepartementet har peika ut leiar for SERTIT, forsker Kjell Bergan (NSM) og faggruppeleiar, senioringeniør Lars Borgos (NSM) som sekretariat for Fagrådet.

Historikk

Ei utgreiingsgruppe under Rådet for IT-tryggleik utarbeida hausten 1997 ein rapport, som mellom anna anbefalte å opprette ei ordning for sertifisering av IT-tryggleik i produkt og system. Regjeringa bestemde seg for å opprette dei to ordningane i samsvar med anbefalinga. Stortinget lova ut midlar til dåverande Forsvarets overkommando/Tryggleiksstaben til etablering og drift av SERTIT på bakgrunn av St.prp.nr. 1 (1998-1999) for Nærings- og handelsdepartementet. Frå 2000 tok Forsvarsdepartementet over budsjettansvaret for SERTIT.