Hjem Hjem

Om SERTIT

Sertifiseringsordninga

Evalueringsfirma

Sertifiserte produkt

Publikasjonar

Aktuelt

Kontakt

Internasjonalt


Akronym

Søk


Bokmål
English



NSM
navn

Evalueringsfirma > Norconsult

Norconsult AS

Norconsult AS blei 16. desember 2003, godkjend som evalueringsfirma (EVIT) under sertifiseringsordninga. Norconsult har med det fullført ein mykje omfattande kvalifiseringsprosess. Evalueringsdelen av firmaet er akkreditert av Norsk Akkreditering som prøvetakingslaboratorium etter NS-ISO 17025. Firmaet har også gjennomført ei prøveevaluering, og demonstrert tilfredsstillande kunnskapar og forståing av Common Criteria og Common Evaluation Methodology.

Norconsult AS er eit uavhengig, tverrfagleg rådgjevande ingeniør- og bedriftsrådgjevningsselskap. Norconsult har hovudkontor i Sandvika utanfor Oslo, avdelingskontor som dekkjer heile landet, samt fleire dotterselskap i inn og utland.

Norconsult AS har omlag 3000 medarbeidarar og er eigd av dei tilsette. Firmaet har ei betydeleg IKT-verksemd. Forretningsområdet IT og Tryggleik har lang røynsle og spisskompetanse innanfor vurdering, organisering, spesifisering og implementering av informasjons- og IT- tryggleik. Norconsult leverer eit bredt spekter av tenester innan tryggleik til sine kundar innan Forsvaret, privat næringsliv og offentleg forvaltning. Norconsult har brei kompetanse og erfaring innan formelle nasjonale krav til IT-tryggleik og internasjonale standardar innan IT-tryggleik. SERTIT har godkjend Norconsult til å setje i verk evalueringar innan tryggleik som EVIT under sertifiseringsordninga. Norconsult tilbyr i tillegg opplærings- og rådgjevningstenester i samsvar med Common Criteria.

For meir informasjon sjå: https://www.norconsult.no/kompetanse/fag-og-tjenester/informasjonssikkerhet/